Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Beherska optimisme tross ekstrem tørke

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. juli 2018

I media kan vi lese om dei ekstreme tørkeproblema i Sør-Noreg som vi og har føling med her på Nordmøre.  I dag tromma bondelaga, banken, Landbruk Nordvest, Tine og Surnadal kommune saman til møte for å diskutere problema som har oppstått og eventuelle tiltak som kan gjerast.  I Surnadal vil ein avvente 2. slåtten som startar om eit par veker før nevneverdige tiltak settes inn, så dagens møte var meir av førebuande karakter.

Det er mange bønder som har satsa store summar på nye driftsbygninger og anna utstyr som alt no er bekymra for situasjonen, der det har oppstått mangel på grovfor.  Leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, seier at Møre og Romsdal enno ikkje opplever dette som ei stor krise, men dersom 2. slåtten blir dårleg vil det etter kvart bli meir kritisk for mange. – ein vil i det lengste prøve å unngå å redusere dyretalet, for sjølv om det kan være effektivt for å løyse likviditetskrisa så vil det ta lang tid å bygge oppatt buskapen og spesielt vil det være negativt for avlsarbeidet.

Surnadal kommune er likevel ein av kommunane i M&R som har avlingstap, og årsaka til det er at det har vore store overvintringsskadar, der det på grunn av tørken ikkje har fått spiring på reparasjonane.  Dersom det blir dårlege avlingar i 2.-slåtten er nok krisa eit faktum her og.  Derfor er det no innkalla til eit samarbeidsmøte, der ein kan være litt føre var og ta enkle grep som kan være til hjelp. Først og fremst gjeld det å samarbeide lokalt og hjelpe kvarandre. Det finns og eit rådgjevarapparat som kan kontaktes for å få gode råd og informasjon både om måten å bruke for på og kvar ein eventuelt kan få hjelp til kjøp og sal av fôr. Bøndene blir kort og godt oppfordra til å søke hjelp før det blir krise, slik at ein krisesituasjon kan være best muleg førebudd.

– når vi når september må vi ha 5000 siloballar på lager, seier Ståle Ansnes i Todalen Mjølk. – Etter 1.-slåtten har vi ca. 30 % færre baller enn i fjor! Foto. Jon Olav Ørsal

Banken og Innovasjon Norge er også innstilt på at ei krise kan være i emning, og er innstilt på å hjelpe med f. eks avdragsfriheit. Myndighetene på si side tilpassa regelverket for å vær mest mulig smidige når det skal søkes om avlingsskade eller import av fôr frå utlandet, der tollbarrieren er fjerna midlertidig.

Lokalt vil vi sjå korleis 2.-slåtten blir seier Ståle Ansnes, som er leiar i Todalen Bondelag. For vår eigen del i Todalen Mjølk så har vi i år 30% færre siloballar samanlikna med fjoråret så langt, men vi trur at årets produksjon er av betre kvalitet.  – Vi kjem til å vurdere situasjonen på nytt etter at 2.-slåtten er gjort unna, før vi vurderer å sette inn spesielle tiltak. 

 

Publisert: 10. juli 2018, 14:31