Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basartid hos saniteten

Elinor Bolme Laurdag 15. september 2018

I dag var det Maren sin tur til å sitje på Matkroken og selje lodd for Todalen sanitetsforening i forbindelse med foreninga sin årlege basar. Og som de ser, så støttar todalingane velvillige opp, uansett kven det er som har eit arrangement i bygda.

Nytt av året er at basaren er på ein tirsdagskveld, ikkje søndag som tidlegare år. -Vi i saniteten her eit slogan om  å vere både nytenkjande og modige, og det prøvar vi å etterstrebe også her i Todalen, fortel Maren. Ho håper derfor at rekordmange tek turen til Sanitetshuset tirsdag 25. september. Gratis mat og sosialt samvær frå klokka 17 og utover.

Har du lyst til å ta lodd på førehandslista men ikkje er i nærleiken når dei sitt på Matkroken? Da har damene også ordna seg på det. Eit eige vippsnummer 534955- Basar Todalen Sanitetsforening er oppretta for formålet. Når ein betaler inn her og skriv namnet sitt blir ein notert i basarboka etter kvart. 50 kroner for eit nummer på førehandslista.

Enklare enn dette blir det ikkje!

Program for basaren tirsdag 25. september.

Publisert: 15. september 2018, 12:45