Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tombolasjef Anne Nes har fått inn små og store gevinstar, blant anna mange flotte hyller.

Basar og tombola i Stangvik

Ole Petter Talgø Torsdag 21. november 2013

Stangvik grendalag inviterer til basar og tombola laurdag 23. november kl. 16.00. Den siste tida har strikkepinnane, heklenålene, symaskinene og snikkarutstyret vore i full sving for å laga gevinstar til tombolaen. Her kan ein vinne julepynt, hyller og mykje anna. Elles blir det som vanleg eit stort basarbord med mange flotte gevinstar.

Om nokon vil konkurrere i pilkast, skyting eller ballkast vil det vere høve til det, og det er svært fine premiar til dei beste kastarane og skyttarane. Stangvik grendalag byr òg på god, heimlaga mat. Tradisjon tru er den gratis. Men sjølvsagt håpar grendalaget at dei som kjem tek masse lodd og kjøper mykje årer på tombolaen.

Publisert: 21. november 2013, 05:00