Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basar med fotballavslutning

Elinor Bolme Måndag 10. november 2014

I går kveld arrangerte IL Søya sin årlege basar i Myrvang. Her var det som vanleg fullt hus og retteleg basarstemning med både ballkasting, luftgeværskyting og tradisjonellt åresalg med eit enormt gevinstutvalg.

I løpet av kvelden vart også fotballsesongen avrunda med deltakardiplomar for samtlege deltakarar på dei aldersbestemte laga. Spelarane på G12 og J12 fekk også utdelt sine ferdighetsmerker etter merkeprøvingar som har vore i løpet av hausten.

IL Søya fekk inn over 42 000 kroner på basaren, der 22 000 var seld på førehandssalget. Hovudpremien var ei hagegruppe frå Talgø, som Elisa Melkild vart vinnar av. I tillegg hadde dei ein «kveldens hovedgevinst», ein iPad gitt av Prebo, Consto og Datasenteret. Denne var det berre solgt lodd på denne kvelden og mange spente ungar håpa på at dei skulle vinne. Elin Mo vart derimot den heldige vinnar.

Under er eit lite bildegalleri frå basaren. Alle foto ElinorB.

Publisert: 10. november 2014, 18:42