Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Barnas kulturhusdag

Elinor Bolme Torsdag 13. november 2014

Laurdag 15. november kl 14 arrangerer Surnadal kulturhus Barnas Kulturhusdag. Her blir det både ansiktsmaling, drama, «rock and roll», eventyrstund og filmframvisning. Dei avsluttar med kakao og boller frå den store matbutikken i Amfisentret.

Dei tilsette på huset gler seg til at huset skal bli fullt av blide og spente små-tasser som lager liv og røre. For meir info gå inn på Surnadal kulturhus si heimeside. 

Kinoen har no også fleire filmfravisningar på laurdagar utover, som eit ekstra tilbud til både store og små.

Publisert: 13. november 2014, 07:05