Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Barn i løypa og skileik hos IL Søya

Elinor Bolme Laurdag 13. januar 2018

IL Søya har allerede starta med sine skiaktiviter på sin Vang skiarena. Barn i løypa har vore arrangert dei to siste torsdagane og held fram så lenge det er føre til å gå på ski fortel Torill Bye i skigruppa hos Søya. I tillegg startar dei opp med skileik for barn i skulealder førstkommande tirsdag. Dette er først og fremst eit tilbud for dei minste barna og vanskelighetsgrad vil bli lagt opp etter 1.-4.klasse-nivå. Torill presiserer at dette ikkje er ei organisert teknikktrening, men ulike leikar med ski på beina. Dei eldre barna er sjølvsagt også velkommen, og born frå andre grender som for eksempel Todalen legg ho til.

Skileiken er oppsett på tirsdagar frå 18-19, medan barn i løypa har fått torsdagar frå 18-19.

Skjermbilde frå loype.net

Ellers er det også til ei kvar tid fine oppkjøyrte løyper i Strengentrasseen. Desse er å finne på Loyper.net.

Foto frå IL Søya.

Publisert: 13. januar 2018, 12:04