Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Balleiken i gang igjen

Elinor Bolme Måndag 4. november 2019

Sesongens første balleik samla nesten samtlege ungar i 1. til 3. klasse i gymsalen i kveld. Her var det full aktivitet frå første minutt. Nina Ryan og Ola Dalsegg var kveldens ansvarlege, og kveldens hovedaktivitet var handball. Her var det mykje godt handballpotensiale, så med litt mer trening klarar kanskje Todalen å stille eige handballag?

Til slutt vart det trampolinehopping og litt frileik før dei eldste kom og tok over gymsalen.

Med trampoline og madrass blir det mange luftige hopp.

Jean og Anders hadde ikkje problemer med å setje seg ned verken utan å ta seg for, eller fordi stiv muskelatur. Ola derimot har litt å gå på..

Oppmøtet for de frå 4. klasse og oppover vart litt dårlegare, då det kolliderte  med Start 4H sitt klubbmøte. Men dei som møtte utfordra dei vaksne til ein real runde med kanonball.

Neste veke blir balleiken flytta til TYSDAG til samme tid grunna anna arrangement på biblioteket måndag kveld. Kl 17.30 for 1.- 3. klasse, og fra klokka 18.30 for dei over 4. klasse. Merk ny tid!

Publisert: 4. november 2019, 21:11