Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ballbinge til Todalsdagen – og treerfotball

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. mai 2019

Det er nok mange som har lurt på kva slags byggverk som har vakse fram på austre del av banen på Bordholmen. No er det nok alle som ser at det dreier seg om ein ballbinge, og den er bygd med tanke på Todalsdagen, fortel Knut Bergli i fotballgruppa. – Den blir nok eit populært supplement på Bordholmen som kan brukast heile sommarhalvåret.

Knut fortel at fotballcupen under Todalsdagen er under omlegging, og i år vil det bli treerfotball for alle deltakarane. Det vil da bli 4 banar tillegg til ballbingen for slik konkurranse. Den nye ballbingen er bygd som permanent anlegg, medan dei 4 andre banane vil bli provisoriske og utstyrt med plastikkvant.  På denne måten får vi med fleire lag, og vi får eit mer intens og effektivt spell, sier Knut, som ventar rundt 40 lag som kjem for å delta på fotballcupen under Todalsdagen som arrangerast laurdag 29. juni. Det er alt sendt ut innbyding til Todalsdagen og det er enno god tid for å melde seg på.

Ballbingen er snart ferdig, og er så smått teken i bruk. Fotballgruppa har bygd ballbingen på dugnad og Talgø MøreTre har sponsa materialane, fortel Knut Bergli. Foto: Jon Olav Ørsal

Den nye ballbingen er bygd på dugnad – materialane er sponsa av Talgø MøreTre og arbeidet har fotballgruppa gjort på dugnad no i vår.  Vi ventar no på at det skal bli nokre finverskveldar, slik at vi får gjort den heilt ferdig og klar til bruk, seier Knut Bergli.

Invitasjon til Todalsdagen er forlengst sendt ut  – er ditt lag påmeldt?

Publisert: 7. mai 2019, 05:10