Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bakgreistan – kva tyder namnet?

Bakgreistan – kva tyder namnet?

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. april 2010

Dette namneskiltet står oppi Romådalsvegen. Eit uvanleg namn,som har sin bakgrunn frå ei tid da hesten var det vanlege transportmidlet. Men kva betyr det? Kom med forslag, skreiv vi som tekst til dagens bilde 2. påskedag. Vi har fått 3 svar, frå Tor Holten, Wenche Kvendset og Anders Gjeldnes.

Tor Holten skriv:   .
BAKGREISTAN – Det var staden der dei sette bakgrei på hesten, slik at den kunne halda att lasset som skuva etter i unnabakken.

Wenche Kvendset skriv:
Bakgreistan – Den staden der dei tok av eller sette på bakgreiet på hesten. Bakgreiet er en sele for å holde lasset i nedoverbakke.

Anders Gjeldnes skriv:
På myra utom Drivhaugen på Gjeldnes har vi ein gadd som blir kalla bakgreigaddjn.
Har høyrt same forklaringa på dette namnet.

Først publisert: 7. april 2010, 21:34 - Sist oppdatert: 10. april 2010, 10:21