Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Baill for aill!

Baill for aill!

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. mars 2010

Det var god lukt av potetball allereie før ein kom inn på grendahuset på Nordvik laurdag ettermiddag. Da var det invitert til balldag, og på spørsmål om det var tradisjon med balldagar på Nordvik, så fikk vi til svar at det var det. Men det var heile 7 år sia sist! Så da kan vi vel konkludere med at det er tradisjon med balldag kvart 7. år!

Kjøkkenpersonalet rapporterte at varene gikk unna i ein fei, og mens Todalens.nos utsendte vurderte tilbudet så vart dei utsolgt. Det vil sei at nærare 50 posjonar med potetball var gått unna i løpet av ettermiddagen. Det er vel egentleg stor marknadsandel når ein veit at det er ca 100 innbyggarar på Nordvikstranda.

I tillegg til god mat var det også kulturelt innslag fra scena, der Lars Vang og Guri Saltnes trakterte fele og trekkspell til stor glede for publikum. Og rundt borda gikk praten og det såg ut til å vera reint så sosialt.

Kanskje er det på tide at dette blir ein årleg tradisjon i staden for kvart 7. år?

Publisert: 13. mars 2010, 18:41