Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avslutta 10 skuleår med eit smell!

Elinor Bolme Fredag 1. juni 2018

I går ettermiddag samlast ca 45 av dei rundt 60 ungdommane som går i 10. trinn ved Surnadal ungdomsskule til overnattingstur på Bordholmen. Ein avslutningstur der dei aller fleste som deltok på, med stor sannsynlegheit kjem til å minnast lenge. Turen hadde nemleg alt frå strålande sol, bading, leik, moro, god mat og eit litt skummelt torevêr til slutt som faktisk enda i ein liten brann i Kvendsetliene.

Ungdomane hadde med seg foreldre til å bistå undervegs, med både servering, teltoppsetjing, konkurransar og berging av utstyr når regnet hølja ned på det aller verste.  Dei ansvarlege klassekontaktane var umåteleg imponert over at ungdomane fekk låne Bordholmen med alt av utstyr heilt gratis av idrettslaget. Og Hals? Jau, der vart det naturleg vis utvida åpningstid for å få med all provianten til opphaldet. 

Litt over midnatt vart det i overkant spennande med lynnedslag i liene ovanfor Kvendsetgarden. 

Lynet har akkurat slått ned oppe i Kvendsetlia, og 110-sentralen vart varsla av fleire i Todalen da det kraftige regnet ikkje klarte å sløkkje flammane av seg sjølv. (Sjå eiga sak.)

Når og om det vart stilt i teltleiren skal ikkje seiast, men om lunta på ungdomen blir i kortaste laget til kvelds er det nok ei logisk forklaring…

Under er eit bildegalleri frå ein minnerik kveld før siste eksamen skal unnagjerast. Alle foto ElinorB

Publisert: 1. juni 2018, 02:24