Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avfallet er ein ressurs: – godt jobba for miljøet

Jon Olav Ørsal Måndag 17. desember 2018

Tor Erik Vikan frå Franzefoss overraska dei tilsette på Talgø MøreTre i Surnadal med ei kjempestol marsipankake til frokostpausen måndag.  Vikan var på kundebesøk for å informere om resultatet av det første året med avtale om avfallshandtering mellom Talgø og Franzefoss.  Talgø MøreTre i Surnadal kom best ut med sorteringsarbeidet det første driftsåret, da dei har kildesortert heile 93,4 % av avfallet.

Jon Moe frå Talgø MøreTre og Tor Erik Vikan frå Franzefoss kunne legge fram fine tal frå avfallshandteringa i Talgø-konsernet. Foto: Jon Olav Ørsal

Byggmakker Tredal kom på andreplass og var hakk i hel med 92,7% – og på 3. plass kom Talgø MøreTre Todalen med 92,5%. Totalt for heile konsernet vart resultatet 88,4%.  11,6 % av avfallet er altså restavfall i Talgøkonsernet, og det er bra seier Vikan frå Franzefoss. Restavfall er den dyreste fraksjon for kundane og i Talgø har det vore stor fokus på dette gjennom året, og har vore oppe i 97,5 % på ein enkelt månad. Total avfallmengde for Talgøkonsernet dette året kom opp i 511 tonn, der trevirke utgjorde den største delen med 184 tonn – 36% av det heile.

Vikan seier at det er viktig at ein kan gjøre sorteringsjobben uten at det går for mykje tid, og derfor må oppsamlinga gå føre seg så nært som mulig til kjelda der søppel blir skapt. Når søppelet blir sortert blir det faktisk ein ressurs, og kan i mange tilfelle nyttast om eller brukes i energiproduksjon – for eksempel i fjernvarmeanlegg.  Av søppelet frå Talgø er heile 85,6 % gjenvunne – 27,4 til materialer, 58,2% har gått til varmeproduksjon og berre 14,4% har gått til deponi.

Håvard Gjeldnes forsyner seg med marsipankake. Det var populært å bli overraska på denne måten. Foto: Jon Olav Ørsal

Kontainer for avfall – Det er mang containere for mange typar avfall rundt på industriområdet på MøreTre – viktig at dei blir plasserte i nærleiken av avfallskjelda, slik at ein sparer tid. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 17. desember 2018, 15:05