Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Astrid pakkar og dreg til USA

Astrid pakkar og dreg til USA

Jon Olav Ørsal Måndag 20. august 2012

Astrid Longva Kvendset (17) er i full gang med å pakke kofferten, og ho må tenkje seg god om kva ho skal ha med i kofferten. Ho skal nemleg på langtur, og skal være borte til langt uti juni i 2013.  Astrid skal væra utvekslingsstudent i USA i vinter, og tek dermed ein pause frå skulegangen heime i Norge for å kome seg ut i verden for å sjå og lære korleis det er andre plassar. Ho skal i vinter bo hos ein vertsfamilie i Lansing i Michigan, og skal være student der.

Vertsfamilien er ein familie på 5, som har 2 gutar og ei jente i alderen 7-12 år. Ho skal bo i ein forstad til byen Lansing i staten Michigansom ligg ca 35 mil frå storbyen Chicago, og no gler ho seg til å kome dit og helse på vertsfamilien. Hos dei skal ho bu til skuleåret er ferdig, og ho reknar med å reise heim til Todalen i midten av juni neste.

Ho reiser til USA saman 40-50 andre frå Norge som skal over til USA som utvekslingsstudentar i regi av organisasjonen Explorius, og dei skal starte USA-opphaldet med ein såkalla «Soft landing Camp» i 4 dagar i New York , der dei skal lære litt meir om korleis livet i USA artar seg og bli litt «akklimatisert» før dei reiser til sine respektive vertsfamiliar.

Astrid vil etter kvart sende oss reisebrev frå USA, så vi får nok høyre meir om korleis ho opplever det store utland og korleis livet i Lansing i Michigan artar seg. Vi ønskjer ho iallfall god tur og lykke til, og håpar at ho får eit triveleg og lærerikt år!

Først publisert: 20. august 2012, 09:00 - Sist oppdatert: 19. august 2012, 21:35