Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Askeladden mot Dovregubben

Elinor Bolme Torsdag 28. september 2017

Eventyrfilmen Askeladden mot Dovregubben har premiere fredag 29. september på Surnadal kino.

Vi er her til lands, ein gong for lenge, lenge sia. Espen Askeladd og brørne hans legg ut for å redde prinsessa som har vorte kidnappa av sjølvaste Dovregubben. Og Dovregubben er ikkje nokon ein skal yppe seg mot, for han eit grusomt troll som det visstnok skal vere umuleg å vinne over.

«Askeladden i Dovregubbens hall» har fått ni-års-grense da den inneheld scener som kan verka skremmande på dei minste. Ungar ned til seks år kan sjå filmen om foreldre eller føresette er med dei på kinoen. 

Filmen har premiere fredag 28. september kl. 18.00 og vil gå på Surnadal kino i to veker framover.

«Kingsman: The Golden Circle» er alternativet for dei vaksne i den komande veka. Ny vaksenfilm frå fredag 6. oktober er «Blade Runner 2049», ein slags oppfølgar til den klassiske sci-fi-filmen frå 1982. Og i veka etter det blir det «norsk» storfilm: «Snømannen», basert på Jo Nesbøs krimbok.

Publisert: 28. september 2017, 22:32