Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Åse runder av sesongen

Åse runder av sesongen

Jon Olav Ørsal Måndag 20. august 2012

Søndag var det sesongslutt på Todalshytta for i år. Da er turistsesongen over for i år, og hytta er ikkje lenger opa for publikum bare for å stikke innom og kjøpe seg ein kaffekopp eller ein is. Men sesongen er langt frå slutt for Åse, for ho har bestillinga for kvar helg til langt ut i september. Ho legg også til at terskelen er ikkje høg for å opne døra igjen, dersom det er nokon som har behov for overnatting eller eit eller anna arrangement.

Åse fortel at årets sesong har vore ualminneleg god med tanke på antal gjestedøgn, eller om vi skal kalle det overnattinga. Tala er nær dobla frå fjorårets sommarsesong, sjølv om det har vore ein sommar med bedrøveleg værforhold. Det har og vore mindre turfolk som har gått i fjellet, spesielt i slutten av juli ig starten på august. I år er det nok laksefiskarane i Toåa som har pynta på statistikken på Todalshytta.

Todalshytta har vorte ein samlingsstad for laksefiskarane, og Todalshytta har nok mykje gammel historie om laksefiske i veggane. Hytta vart opna i 1901, da Lorth Philips samla engelske laksefiskarar i Todalen og leigde ut laksefiske i Toåa. No er det nok mest norske laksefiskarar det dreier seg om, men ein del kjem også frå utlandet no. Laksefiskarane er ikkje bunde til faste tider for frukost og sengetid, og lever sitt eige frie liv når dei er på Todalshytta. Og hytta er da sjølvsagt samlingsstad når dei skal ha pause og ein matbit, og da kan ein nok høyre siste nytt om fisket og om kvar laksen er teken og kva reiskap som er bruka. Og Åse rosar laksefiskarane, som er trivelege gjestar som ho meir enn gjerne ser på gjestelista for neste år.

For Åse reknar med at det blir ein ny sesong i 2013, så i midten av juni når laksefisket startar igjen er ho nok på plass for å ta i mot laksefiskarane igjen. Det er så rart seier ho, for sjølv om ho ofte er lei og klar på slutten av sesongen, så er det som med gamle sirkushestar når dei får kjenne sagmugglokta. Når våren kjem så kjem lysten att for fullt. Og åse trives med å ha folk rundt seg og ho treffer mykje triveleg folk gjennom sesongen. Ho skryter også av ungdommane som har vore hjelp på hytta i sommar, seier at dei saman har hatt det bra.  Men været i sommar skryter ho ikkje av, så det må vi gjeøre noko med til neste sesong, seier åse til slutt.

Først publisert: 20. august 2012, 05:00 - Sist oppdatert: 19. august 2012, 20:44