Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte på rekordtid for historielaget

Jon Olav Ørsal Fredag 24. mars 2017

Årsmøtet var unnagjort på knappe halvtimen, da Todalen historielag samla eit 40-tals medlemar i Todalen ungdomshus. Leiar John Moe klubba gjennom dei godt førebudde årsmøtesakene, med årsmelding, rekneskap og val i tur og orden.

Laget har i dag 170 medlemar (enkeltmedlemar og familiemedlemar), og har ein solid økonomi. Det er stor aktivitet i laget, og i 2016 var det fleire foredrag, kulturvandring, filmkveldar. Andre aktivitetar er produksjon av årsskrift, innsamling og digitalisering av gamle bilder og kulturelle arrangement med ettermiddagskaffe og bokslepp for å presentere årsskriftet.

Historielaget spanderte kveldsmat – frå venstre Per Reiten, Sigrun Ørsal, Åse V. Redalen, Eivind Grønmyr, Hans Gundersen og Johan Ørsal. Foto: Jon Olav Ørsal

Alle som var på val i styret og andre tillitsverv i historielaget tok på ein ny periode, inklusive leiar John Moe. Dermed fikk heile styret fornya tillit under akklamasjon, og styret er samansett slik:  Leiar John Moe, nestleiar Dordi Jorunn Halle, kasserar Sven Olav Svinvik, sekretær Wenche Ø. Kvendset og styremedlem Svein Åge Saksen. Varamedlemar til styret er Ragnar Halle og Marit S. Søyset, medan  Liv Ingrid Husby og Anders Talgø er revisorar, og  Ola Bruset og Kristian Gjeldnes er valnemnd.

Rundt bordet – frå venstre Anders Todalhaug, Jorunn Husby, Karl Johan Husby og Gudmund Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalen historielag presenterte planane for våren og sommaren på årsmøtet. Det er planlagt busstur til Storlidalen den 17. juni.  Da vil Harald Storli guide turfolket rundt i Storlidalen og vidare til Oppdal Bygdemuseum der det blir omvisning, middag og kulturelt innslag. Styret kjem att med meir detaljert informasjon etter kvart.

Vidare er det planer om ny kulturvandring. Det vil etter plana skje søndag 21. mai, og det vil i år bli ein historisk rundtur på Kvennset. Her også vil det kome meir detaljert info etter kvart.

Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe har samla inn og digitalisert mange bilder frå albumar rundt omkring i bygda. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter at årsmøtet var runda av, vart det servert kveldsmat for heile gjengen. Det vart også presentert nokre lydopptak som Fred Ola Bjørnstad gjorde med gamle todalingar for ei tid attende. Etter kveldsmaten var det tid for å ta nokre glimt frå bildearkivet til historielaget. Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe har skanna mange gamle bilder frå albumar rundt om kring bygda og her fekk vi sjå ein bildeserie som starta på Nordvik og via Svinvika og Hjellnes gikk runden rundt bygda.

Historielagt bydde på skikkeleg kveldsmat, noko årsmøtedeltakarane sette stor pris på. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 24. mars 2017, 05:00