Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 3. mars 2020

Todalen historielag held årsmøte i Ungdomshuset tysdag 24. mars kl. 19:30. Det blir vanlege årsmøtesaker, servering av kveldsmat og bilete frå fotoarkivet på storskjerm. Alle er velkomne!

Sjå fleire opplysningar her:

ÅRSMØTE I TODALEN HISTORIELAG

Tid: Tysdag 24. mars kl. 19:30

Stad: Todalen ungdomshus

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Val av ordstyrar og møteskrivar
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Kontingent
  6. Innkomne saker
  7. Val

Viss ein vil melde inn saker til årsmøtet, må ein gjere det skriftleg til leiar John Moe innan 15. mars, e-post: john.moe@talgo.no

Tillitsvalde som vil seie frå seg verv, må gjere det skriftleg innan 15. mars til valnemnda v/ Kristian Gjeldnes eller Ola Bruset.

E-post: kristian.gjeldnes@gmail.com

Etter årsmøtet er heva, blir det orientering om arrangement framover året og anna arbeid i historielaget.

Skannarpatrulja, Ingri og Ragnhild, viser bilete frå fotoarkivet til historielaget etter pausen. Dei har mange godbitar å vise fram!

I pausen blir det servert kveldsmat!

VEL MØTT TIL ÅRSMØTE!

 

Publisert: 3. mars 2020, 00:11