Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Årsmøte  i  historielaget

Årsmøte i historielaget

Jon Olav Ørsal Fredag 5. mars 2010

Torsdag kveld var det årsmøte i Todalen historielag i Ungdomshuset. Det var oppmøtt eit tjuetals medlemar da historielaget summerte opp eit aktivt år i 2009. Laget har over 170 betalande medlemar, og det må vel kunne seiast å være bra når det er knappe 350 innbyggarar i bygda (med smått og stort).

Historielaget har hatt mange prosjekt på gang det siste året og mange ventar inneværande år. Mellom anna er det oppdatering av bygdebøkene, etablering av www.kulturminneatlas.no og nytt årsskrift som blir dei største løfta. Registering av kulturminneatlasen er alt kome igang, og møtelyden fekk ei lita innføring i korleis dette arbeidet skal skje.

Eit av spørsmåla som vart drøfta var kva som skal skje med Halsesamlinga. Det økonomiske fundamentet er borte etter som det er slutt på utbetaling av royalty for vangsgutane frå Fonna forlag. Eit av forslaga går ut på å legge Halsesamling inn i historielaget. I tilfelle må statuttane endras på allmannamøtet i vår. Samlinga må også finna ein ny stad å halde til, da lokala i Gammelskulen er uegna både på grunn av fuktig kjellar og at dei er også lagt ut for salg.

Maren Ansnes fekk fornya tillit som ledar i laget. Med seg i styret fekk ho Sven Olav Svinvik (ny) og John Moe (ny) og Sidsel Kalseth Heimlund og Anders Halset som nye varamedlemmer.

Etter årsmøtet fekk møtelyden ta del i eit interessant kåseri der Bernt Bøe kåserte om dialekter før og no.

Maren Ansnes fekk fornya tillit som ledar i laget. Foto: Jon Olav Ørsal
Bernt Bøe hadde eit interessant kåseri om dialekter og fekk velfortjente blomar. Foto: Jon Olav Ørsal
Først publisert: 5. mars 2010, 19:25 - Sist oppdatert: 17. november 2010, 10:42