Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arne fikk storoksen på kornet

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. oktober 2017

Storli jaktlag har den siste veka jakta intensivt – først nokre dagar i Rodalen og dei siste dagane på Terråk i Bindal kommune, der dei leiger eit vald for jakting av elg. 

Elgen er komen på elgtrekket – det vart tippa rundt 250 kg slaktvekt. Foto: Elmer Talgø

I løpet av disse dagane har jaktlaget lagt ned 6 elgar på det valdet dei leiger i Terråk, der det i dag «toppa seg» da Arne Rudningen felte ein 11 takker på rundt 250 kg. I tillegg vart det 3 dyr til i dag, så det vart til slutt litt arbeidsomt på siste jaktdagen i dette terrenget. 

Det er mest todalinger med tilknyting til Talgø som er med i Storli jaktlag, men dei har også med seg nokre tsjekkiske gjestejegrar  under jakta på Terråk.  Det er terrenget rundt Terråk sentrum som Storli jaktlag leier, og der har dei jakta i mange år og er etter kvart godt kjente i terrenget. 

På terrenget i Rodalen er det felt 15 hjort så langt, men ingen elg hittil i år. Her vil nok jakta fortsette utover hausten, ettersom det er 5 hjortar og eit liknande antall elg att på kvoten. 

Elgtrekket er til god hjelp når slike dyr skal fraktast i terrenget. Foto: Elmer Talgø

Publisert: 12. oktober 2017, 17:50