Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkeologane inviterte på omvisning i feltområdet

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. august 2018

Det har vore mykje ståhei rundt arkeologane som har funne fornminne i Øygarden bustadfelt og som dei siste 3 vekene har vore her på feltarbeid og finne meir enn dei hadde rekna med. Dei to arkeologane, Ole Husby frå Surnadal og Vegar Hyttebakk frå Innset, er no ferdige i denne omgang, og ønska å invitere interesserte til å kome på ein infokveld med omvisning og orientering om kva dei har jobba med og litt om gravrøyser og gravplassar dei ha funne.

Tok heile gjengen med til gravfeltet på omvisning – og publikum lytta interessert. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei fortalte at det er heilt unikt at det er funne eit gravfelt på Nordvik. Det viser at det har vore aktivitet har i lang tid, og da snakker vi om eldre jernalder og rundt 400 før Kristus – 570 etter Kristus – ein periode på ca 1100 år. Det var på den tida da jarnet kom og det etter kvart vart laga forskjellige reiskap av jarn og dermed fikk eit meir avansert samfunn.  Området der feltet ligg er vendt mot Todalen eller sør og her er det god oversikt og har dermed vore ein trygg plass å ha tilhald.

Det dei har funne er i hovudsak kremasjonsgraver, med brent kol og brente beinrestar. Den gongen vart ofte beinrestar samla i ei neverkopp som fungerte som ein slags urne. Dei jobba litt for å gjøre dei første funna, og på sett og vis var det eit under at vi fann noko i det heiletatt, seier dei to.  Men når det først vart gjort funn, så vart det både fleire og store graver i feltet, og no har vi stressa for å få kontroll på funna og få sendt inn data og prøver.  disse blir no analysert og så er det riksantikvaren som bestemmer kva som skal skje vidare.

Ole Husby og Vegar Hyttebakk ved ei av gravrøysene dei har avdekt. Foto: Jon Olav Ørsal

Bygging av gravhaugar sikra på mange måtar tilgangen til eit område. Det fungerte på ein måte som hevd eller odel, og viste at området var oppteke og i bruk av andre. Det er mange spor som tyder på at området i Øygarden bustadfelt har vore i bruk som gravplass veldig lenge og enkelte signal tyder på at ein kanskje kan snakke om steinalderen?

Etter at omvisning og informasjon var ferdig, inviterte Nordvik grendelag til kaffelag i Nordvik forsamlingshus, der arkeologane har hatt tilhald med feltarbeidet. Der var det høve til å stille spørsmål om arbeidet utgravinga i feltet og andre aktuelle tema.

Informasjon til eit lydhørt publikum – eit førtitals interesserte var møtt fram på denne informasjonskvelden. Foto. Jon Olav Ørsal

Her er ei grav som er avdekt og som det skal graves meir i. Foto: Jon Olav Ørsal

Dette ser og ut til å være ei gravrøys med er kanskje berre ei røys, trur dei to. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. august 2018, 23:04