Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag er det klart for årets Trollheimsmarsj – blir du med?

Jon Olav Ørsal Fredag 6. september 2019

Trollheimsmarsjen har historie heilt attende til 2008, da Todalen I.L. og I.L. Ulvungen fylte 100 år og som ein del av jubileumsarrangementet starta eit samarbeid om Trollheimsmarsjen mellom Leikvoll på Ålvundeid og til Bordholmen stadion i Todalen.  Årets arrangement er det 10. i rekkja, og blir altså arrangert komande søndag 8. september – med start frå Ålvundeid. 

Trollheimsmarsjen er ein flott dagstur, med start frå Ålvundeid mellom kl. 9.00 og kl. 11.00, og som har målgang på Bordholmen seinast kl. 16.00.  Det blir busstransport frå Todalen til Leikvoll før start og etter målgang. ved målgang er det trekning av gåvekort og andre premiar til deltakarane. 

Distansen er ca 13 km over fjellet mellom Ålvundeid og Todalen, der turens høgaste punkt ligg på 850  m. o.h. ved Vardan. Tidsbruken er beregna til 5 timar i vanleg turisttempo (pausar i tillegg). 

Meir informasjon og detaljar omkring deltaking i Trollheimsmarsjen finn du på plakaten nedanfor, eller du kan laste ned plakaten som PDF-dokument her.

Trollheimsmarsjen 2019

Først publisert: 6. september 2019, 04:00 - Sist oppdatert: 7. september 2019, 08:57