Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets oppleving står for tur

Elinor Bolme Tysdag 24. juli 2018

Denne helga sparkar unnar og ungdommar frå heile verd i gang verdas største fotballturnering atter ein gong. Sidan 1972 har Bækkelaget FK arrangert turneringa si på Ekeberg, medrekordoppslutning på godt over 2100 lag og 6000 fotballkampar i løpet av ei veke. Hverken Todalen eller Søya stiller eigne lag i år, men det likevel fleire ungdommar frå begge klubbar representert.

Vi kjem til å halde eit ekstra auge med G16 Surnadal/Søya/Todalen, kor både Erik Kårvan, Trym Schei Kvendset og Henrik Kvande-Talgø deltek. Og dei som har anledning bør benke seg framfor TV-skjermen tirsdag klokka 10.30, for då er deira kamp mot Porsanger direktesendt på TV2. Vi satsar også i år på å få tilsendt kamprapportar frå ivrige tilskodarar og støttemannskap på Ekebergsletta og dei andre banane i rundt.

Kampoppsettet til G16.

Ellers kan vi fortelje at Marit Ingeborg Ansnes, som til dagleg spelar på damelaget til Surnadal denne veka er gjestespelar på Træff FB under Dana Cup i Danmark. Ho og dei tre andre lagvenninnene Ane Mogstad, Marte Nes og Thea Holten er no i skrivande stund midt i sin første kamp mot Skibsby-Højene, der Thea Holten scora første målet etter 30 sekund! 4-0 til pause. Og ingen andre enn Marit Ingeborg sette inn siste målet og seieren vart 5-0.

Træff J19 med forsterkningar. Foto: Surnadal IL

For meir info om IL Søya lag/spelarar kan vi anbefale IL Søya si heimeside.

Blidspendte etter seier! Foto: Tove Kristin Holten.

 

 

Publisert: 24. juli 2018, 21:13