Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Årets hjortfest blir 19. november!

Årets hjortfest blir 19. november!

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. oktober 2011

Dato for Hjorfesta 2011 er no klar. Sett av laurdag 19. november til deltaking på årets hjortfest i Todalen Ungdomshus. Det er Todalen idrettslag som er arrangør, men vertskap er Halle & Husby jaktlag.  Vertskapsrolla går nemleg på omgang mellom jaktlaga i bygda, og no er det H&H sin tur, fortel Lars Stensby som er formann i jaktlaget. Med seg i komiteen har han eit solid jaktlag, der det finns spisskompetanse på alle typar aktivitetar, så vi er nok sikre på at vi får både god underhaldning og god mat denne kvelden.

Stensby vil ikkje røpe så mykje detaljar enno, men tradisjonelle programpostar som utdeling av Den Gyldne Patron er nok med i år også. Kva som kjem på menyen vil ikkje Stensby ut med, men han signaliserer at det blir god og heimlaga mat. Han fortel vidare at dei no arbeider med programmet, og at det her er utsikt til å få ei skikkeleg overrasking. Kva han meiner med det veit vi ikkje, men det høyrdes ut som det var store ting på gang. Sett av laurdag 19. november, så kjem vi att med meir info etter kvart om både program, meny og billettsalg.

Først publisert: 11. oktober 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 10. oktober 2011, 21:14