Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets første turistar?

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. april 2017

Vi veit ikkje om Arne Holten og Jonas Aasbø var årets første turistar, men like fullt var dei innom Kaffekroken på butikken for å ta ein pause og ein kaffekopp – og for å treffe kjentfolk….

..og det er triveleg både for gjestar og vertskap. Arne Holten er kanskje betre kjent som Arne Vorra og som var drivar på Mauseth-bua på Surnadalsøra gjennom ei årrekkje.  Han fortalte også at han rakk å innom Talgø Surnadal i 7 år før han vart pensjonist.

Denne dagen hadde han hyra inn barnebarnet Jonas Aasbø til sjåfør på turen til Todalen, og etter kafferasten skulle dei to ta turen vidare til Todalsøra og ein rundttur rundt bygda….

Publisert: 5. april 2017, 07:22