I helga, 12. – 14. mai, inviterer Surnadal Golfklubb til årets første VTG-kurs («Veien-Til-Golf» = nybegynnerkurs) for nybegynnarar på Surnadal Golfpark på Mo. Så kjenner du nokon som har lyst til å lære å spele golf, så er det berre å tipse dei om kurset!
Som vanleg, er det Tove og Geir Garte som er instruktørar.
Kursplan:
- Fredag 12. mai klokka 17:00 – 20:00
- Laurdag 13. mai klokka 10:00 – 15:00
- Søndag 14. mai klokka 10: 00 – 15:00
Kurset kostar kroner 1.700,- for vaksne og kroner 850,- for barn/ungdom. Golfutstyr får du låne av Surnadal Golfklubb.
Det løner seg å ta på godt med klær, som er egna til å vere utendørs og aktiv heile dagen.
Påmelding til Tove Hilstad Garte på e-post: tovehilstadgarte@gmail.com eller mobil 482 34 581.