Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets første «gladlaks»…

Jon Olav Ørsal Måndag 16. juni 2014

I ettermiddag var årets første laks i Toåa eit faktum, da Frank Hauggrind landa eit flott eksemplar på 4 kg. Det skjedde på Halsetøran, på høgde med Bordholmen stadion, og fangsten vart gjort på sluk. Laksefisket i Toåa starta natt til søndag, og den første laksen lot vente på seg til måndag før han slo til mot sluken til Frank.

Frank starta sin karriere i Toåa i 1977, og har vore her jamnleg oppover åra. Dei siste 4 åra har det vore fast med ein tur til Todalen og Toåa, der han trivs godt. Han fristar laksen med både sluk, flu og mark, men denne gongen fikk han som sagt tilslag på sluken.

Første turen var altså i 1977, da han var på fiske i Surna, og tok turen innover saman med faren. Han minnes at dei da var innom Svinviks arboret og helsa på Anne Svinvik. Elles fortel Frank at han har tilhald på Todalshytta, der han alt har rukket å bli kjent med det nye vertskapet. Fast lesar på Todalen.no er han også, og følgjer med på kva som foregår i Todalen. Meste i fiskeseongen sjølvsagt, men også elles i året.

DSC_2972

Høgtideleg og ærefull gratulasjon fiskarar i mellom! Frank Hauggrind blir gratulert av Ivar Borthen. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Da vi var nedom Båthølen for å helse på «gladlaksen» trefte vi også fiskarkollega Ivar Borthen, som enno ikkje hadde fått nokon fangst. Men vi fikk inntrykk av at det både var gjort observasjonar av laks og at det var folk som hadde hatt mislykka tilslag mellom anna i Skjorahølen. Så får vi tru at det blir fleire etter kvart!

Først publisert: 16. juni 2014, 21:19 - Sist oppdatert: 17. juni 2014, 12:51