Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets bilete på korona vis

Mari B. Redalen Sundag 26. april 2020

Tradisjon tru deler vi alltid ut årets bilete på årsmøtet vårt som vi har på mars. I år sette korona pandemien stoppar for årsmøtet, og vi har defor delt ut årets bilete litt mindre høgtideleg. Vår trufaste bidragsytar Ingri Bruset fekk i dag sitt eige bilete «Juli kveld på Kårvatn» innramma og klart til å hengje på veggen.

Foto: Kristian Gjeldnes

Vinnaren sier dette sjølv:

Biletet er teke den 7. juli 2019 med mobilkamera.  Dette var ein  fin søndagskveld på Kårvatn, som er ein av mine favorittplassar. Eg likar å  fotografere, og gjer dette ofte.  Merkar at eg stadig ser etter motiv.
Det blir så eg ofte tek bilete frå dei same stadene, men lyset, været og årstidene skiftar så resultatet blir ulikt.  Eg er ingen ekspert på fotografering, og eg brukar kun  mobiltelefonen når eg tek bilete. Mobilen er alltid med, og det er enkelt og ukomplisert å ta eit bilete i farten.
Eg vart overraska og glad for at biletet mitt fikk flest stemmer. Må få takke kvar og ein som stemte bilete fram. Eg var heldig å vinne årets bilete ein gong før også, det var  i 2013.
 

For å vinna  årets bilete lyt du senda inn dagens bilete, bli utplukka og vinna månadens bilete. Deretter blir det i ei siste kåring med alle 12 månadsbileta og flest stemmer her for å få tittelen «Årets bilete».

Dagens bilete har vore med frå oppstarten av Todalen.no for å sikra nytt stoff til nettstaden kvar einaste dag, men det har vist seg at det sjeldan er berre dagens bilete som blir nytt stoff. Artikkellageret vårt er rikhaldig sidan 2009. Men dagens bilete er noko mang sett pris på, og artig å fylgja med på. Heldigvis er mange dyktige og bidreg med bileter. Alt er av interresse så ta gjerne kontakt med oss om du har eit bra foto som kunne eigna seg. Vi tek imot bileta via kontaktskjema eller vår redaksjons epost. Kontakt gjerne Mari om du har eit bilete som du ikkje får levert oss digitalt. 

Under finn du eit lite galleri med tilbakeblikk på dagens bileter

Publisert: 26. april 2020, 19:39