Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets bilete kjem på veggen i Trondheim

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. mai 2017

Bjørn B. Redalen gikk i vinter heilt til topps i konkurransen om årets bildete. Årets bilete blir kåra av lesarane, og kandidatane er alle 12 bileta som tidlegare er kåra til månadens bilete. Premien er ei innrama utgåve av vinnarbiletet som vanlegvis blir utdelt på årsmøtet i Todalen.no.

Men Bjørn bur framleis i Oslo, men det blir det ei forandring på for no flyttar heile familien til Trondheim og til nye jobbar.  Men flyttinga skjer først ein gong i juni når skuleåret er slutt, men vinnarbiletet som har eit flott motiv frå Vassdalen i Vinddøldalen, vil nok få ein fin plass i det nye huset dei har kjøpt i Trondheim.  – Og no som familien flyttar nærare vil vi kanskje få fleire bidrag til årets bilete, både frå Vinddøldalen, der familien har hytte og frå Todalen?

Først publisert: 30. mai 2017, 05:00 - Sist oppdatert: 29. mai 2017, 23:31