Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets 50-års konfirmantar blir satt stas på

Elinor Bolme Tysdag 9. september 2014

Helga 27.- og 28. september markerer  Todalen Sokneråd at det er 50 år sidan denne spreke gjengen var konfirmert i Todalen kyrkje. Det heile startar med gratis festmiddag med påfølgande kaffe i Todalen Ungdomshus for jubilantane og ellers alle andre som har lyst til å delta. Søndag blir det gudstjeneste der jubilantane er spesielt inviterte til å delta. Kullet frå -64 var på heile 14 stk, men ikkje alle har anledning til å komma denne helga.

Soknerådet vil legge ut bok på Matkroken for påmelding, men dei som ikkje har anledning til å skrive seg inn der kan melde seg på til soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen på telefon 905 26 180.

Tradisjonelt brukar også årets konfirmantar å delta under dette arrangementet, men dei er desverre på Mjuklia på konfirmasjonsleir denne helga.

Konfirmantar 2015

Dei har allerede hatt si første samling denne veka, der kappeprøving var eit av høgdepunkta.Samt at datoen for konfirmasjonen i Todalen kyrkje våren 2014 er no bestemt til søndag 3. mai.

 

Først publisert: 9. september 2014, 10:00 - Sist oppdatert: 28. september 2014, 09:41