Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arboretet: – Stauder frå oldemors hage til salgs

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. mai 2014

Sommarvarmen dei siste dagane har sett skikkeleg fart på blomstringa i Svinviks arboret. No er det verkeleg verdt å ta turen for å sjå og oppleve hagen som meir eller mindre står i full blomstring. Nytt tilbod i arboretet er salg av rhododendron og staudar.  Dei satsar no på salg av staudar som marknadsføres under varemerket «Plantearven», der det inngår staudar som ein har funne i norske hagar langt attende i tid og som har ei fin historie å berette, fortel Katarina Wedelsbäck som er fagansvarleg i arboretet.

Det er altså eit sortiment som var vanleg i oldemors hage, og har vakse i det norske klimaet i lang tid og som dermed er herdet og med god helse.  Det gjer at dei trives godt og har god evne til å overleve i det norske klimaet.

Arboretet er ope frå onsdag til søndag i tidsrommet 12 – 17, og vi kan trygt anbefale arboretets kafeteria dersom du vil ha ein pause under opphaldet i arboretet. Dei kan by på både kaffe og forfriskningar og sjølvsagt noko å bita i.

IMG_2567

Du får no kjøpt stadar og Rhododendron i Arboretet. Dei kan tilby eit utvalg stadar frå oldemors hage som er gamle og hardføre planter tilpassa det norske klimaet. Foto:Katarina Wedelsbäck

Svinvika_Maja_Katarina_0982

I arboretet treffer du no Maja Frønes og Katarina Wedelsbäck. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 20. mai 2014, 21:06