Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Svinviks arboret: Sesongope frå 12. mai

Svinviks arboret: Sesongope frå 12. mai

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. mars 2012

Frå laurdag 12. mai er det sesongope i Svinsviks arboret. Frå denne dagen er arboretet ope frå onsdag til søndag mellom kl 12 – 17. Unntaka i mai er grunnlovsdagen 17. mai, da arboretet er stengt og 2. pinsedag som er ekstra opningsdag. Men aller først blir det dugnad i arboretet. Det skjer 2. mai i lag med hagelaget og alle gode venner av arboretet, fortel Dordi Kjersti Mogstad, som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret. Opningshelga 12.-13. mai har nok blomstringa starta og da er også salsplantene klare for sal i arboretet.

Elles har svinviks arboret mykje å by på utover sommaren. I juni blir det midtsommarpiknik i arboretet i St. hanshelga 23.- 24. juni og vidare utover heile sommaren. I juli blir det og kveldsope på onsdagar, første kvelden er 4. juli og dette er eit tilbod der vi spesielt har tenkt på lokalbefolkninga. Etter ein lang arbeidsdag eller som lokalutflukt i ferien kan du ta ein avslappande tur til Svinviks arboret og nyte kveldsstemninga, lyset og luktene i den eksotiske hagen ved fjorden.

Vi kjem med meir informasjon etter kvart som opninga og dei forskjellige aktivitetane nermar seg. På heimsida til Svinviks arboret finn du meir informasjon og her kan du laste ned arboretets informasjonsark som PDF.

Først publisert: 14. mars 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 13. mars 2012, 21:48