Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Arboretet – inviterer til piknik og kveldsope

Arboretet – inviterer til piknik og kveldsope

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. juli 2012

Svinviks arboret minner om at dei har kveldsope på onsdagar i juli. Da er det altså arboretet ope frå kl 12.00 til kl 20.00.  Det kan være fint å ta en kveldstur for å vandre rundt i anlegget, eller berre stikke innom for å ta ein kaffekopp og ein godbit i arboretets kafè. Dei minner og om pikniktibodet dei har.  Om piknikvèret let vente på seg kan dei alltids sørgje for at innhaldet i piknikkorga kan nytast tørrskodd. Dei har to alternative piknikkorger som du kan lese meir om her.

Elles har dei  no eit lite utval av eigenprodusert saft og marmelade til sals. Dei har den siste veka laga hylleblomstsaft og ein hylleblomst/sitrus-marmelade, som passar godt til kraftige ostar til dømes. Det er også koka saft av årets drueavling i drivhuset. Eksklusive varer i begrensa opplag, så vi anbefaler at du tek turen snarast råd skal du sikre deg ein av godbitane.

Publisert: 21. juli 2012, 00:00