Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arbeidsplassen min når eg er heime

Elinor Bolme Torsdag 19. mars 2020

Vi fekk kjapt respons på dagens lekseutfordring som var lagt ut til dei i 5. -7. klasse. Det ser ut som dei fleste som sendte oss eit bilde har det triveleg på sine nye «arbeidsplassar». Elevane har oppmøte på datamaskinene sine klokka 9 kvar morgon. Da er det opprop av lærar, og dagens oppgåver blir gjeve. 

Ylva Synnøve Gjeldnes er den som har sendt inn hovedbildet i artikkelen. Ho skriv: Eg sitt på rommet mitt og arbeider med leksene. Da sitt eg med pulten min eller på gulvet. Noen ganger sitt eg nede i stua, men der er det litt bråkete Eg er 13 år å går i 7. klasse.

Under kjem resten av bilda som vi fekk tilsendt, med tekst under kvart:

Maria K Bergli i 6. klasse skriv: Arbeidsplassen min er på kjøkkenet. Eg sit i lag med Ingebrigt til han fortsett på stua. Eg høyrer på musikk medan eg gjer lekse på Minecraft. Vi har fått i oppgåve å lage vikingskip og vikinghus.

 

Mamma Torill skriv for Lars Ailo: Eg er Lars Ailo snart 8 år, 2.klasse Todalen skule. Arbeidsplassen min er for tida ved langbordet i storstua heime på Hjellnes. Det går greit å gjere skulearbeid heime, men til tider litt vanskeleg med ein lillebror på 2 år som vil ha all merksemd! Han vil gjerne sitje oppå pad å pc, og herje med oss! Dei 2 andre søskena mine sit som oftast på rommet sitt å gjer skulearbeidet. Vi slit litt med å kome oss inn på dei nettstadane vi skal inn å jobbe på. Vi er heldige som har god uteplass å boltre oss på, så vi er mykje ute! Igår hjalp vi til i fjøsen.

 

Selma i 5. klasse skriv: Hei, eg heiter Selma Skjerve Gjeldnes. Og eg har heimekontor i Bekkerhagan. Pappa hjelper meg. Vi har hatt kroppsøving i hagen, og ellers arbeider vi mykje via pc og nettbrett. Eg savnar skulen litt fordi då kan eg vere med venene mine. Det er ganske kjedeleg å vere heime, men vi får god tid til å spele kort, yatzy og andre ting.

 

Markus Bolme i 5. klasse skriv: Eg sitt i lag med mamma og meg selv. Nokre gangar jobber eg med to pcear nokre gangar med ein. I dag fekk eg nystekte bakels til frokost. Sender ei lita helsing til bestemor på Røv.

 

Nora Kårvatn i 7. klasse skriv: Eg sit attmed spisebordet på kjøkenet. For det meste sit eg aleine men nokre gongar kjem nokon inn og skal lage seg mat. Nokre gongar snakkar eg og Ylva og Maria på videosamtale. Arbeidsplassen min er ganske komfortabel og sitte på sidan det er ein benk med madrass på.

Er det fleire som vil sende ei lita helsing frå kontorstaden sin er det fortsatt fullt muleg. Vi legg ut etter kvart som vi får inn.

Publisert: 19. mars 2020, 18:21