Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arbeidet med årsskrift nr 19 er i full gang!

Dordi Jorunn Halle Fredag 20. mars 2020

Skriftstyret i Todalen historielag melder at arbeidet med årsskrift nr 19 er godt i gang. Fleire artiklar er i boks, og andre er under arbeid.

For det første er skriftstyret svært glade for at dei har fått bidragsytarar som trufast leverer artiklar årvisst eller kanskje annakvart år. Det er til riktig god hjelp! Er det andre som har lyst til å skrive for historielaget, har tips til tema eller interessant stoff eller bilete liggande, så ta kontakt!

Skriftstyret kan røpe litt om innhaldet i heftet som skal koma ut til jul. Det vil bli to eller fleire artiklar frå Nordvik; ein om bruk av utmarka i gamle dagar; både til beite og slått, men ikkje minst om å finne høvelege emne til å laga nødvendig utstyr som trongst i heimen og på garden. Det blir også utvandrarhistorie om ein kar frå Teigen på Hallset som drog til Amerika.

I slutten av mai er det planlagt historievandring i Halagrenda, så litt om historia på Hala er aktuelt; her har det vore gjort funn frå riktig gamle dagar dei seinare åra. På Hala hadde dei eige språk før i tida, har du høyrt om det? «Nyskulen» fyller 100 år, altså blir det artikkel om skulehistoria. Er det nokon som har lyst ti å dele minne frå skuletida med årsskriftlesarane, så sei i frå eller set i gang å skrive!

Ikkje så langt attende i tida, var det fleire bussruter frå Todalen og Nordvik ut i verda, hugsar du det? No for tida er vi alle avhengige av eigen bil eller drosje for å koma ut av bygda. Elles blir det litt om gammalt handverk, dikt, småstubbar, portrett, matoppskrift og litt anna. I alle fall blir det mange bilete både til artiklane og i Minneboka. Årsskriftet er under arbeid – altså så er ikkje innhaldet fastlagt enno, så her kan det bli mange endringar framover!

Men i desse koronatider har også skriftstyret måtte legge om arbeidet, fellesmøte i skriftstyret og samarbeidsmøte mellom skriftstyret og skannarpatrulja er utsette inntil vidare. Og intervju med folk for å få tak i opplysningar, må enten skje i friluft med to meters avstand mellom personane eller med telefon eventuelt e-post. Det er litt tungvint.

Og som alt nemnd, har du tips eller stoff, så tek skriftstyret i mot det med glede. Meld frå til Sven Olav Svinvik, Maren Ansnes, Wenche Kvendset eller Dordi Jorunn Halle. Biletet av skriftstyret er frå august 2019.

Sidan det no er på moten med dokumentasjon på heimekontor, deltek vi med bilete frå kjøkkenbordet på Tussebu:

Tru om artikkelen blir berre eit rot?

Interessant lesestoff og gode kjelder.

 

Publisert: 20. mars 2020, 00:50