Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Åpen brannstasjon i Todalen

Elinor Bolme Tirsdag 20. september 2016

Laurdag inviterer Surnadal Brannvesen avdeling Todalen til åpen brannstasjon frå klokka 12 og til 15 i sine lokaler på Kvendset. Brannvernveka er ein landsomfattende informasjonskampanje i uke 38 som arrangeres av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap og If Skadeforsikring, saman med brannvesen og el-tilsyn over hele landet.

Alt i alt er 350 brannstasjonar over heile landet er åpne for publikum denne dagen. Også i Todalen, på Kvanne og i Surnadal. Her blir det rå å få sitje på brannbil, prøve seg på ulike spørsmål rundt brann og ikkje minst kanskje få prøve å sløkkje ein liten brann.

Hensikten med kampanjeveka er nemleg å auke kjennskapen til brann og brannvern både hos store og små.

skjermbilde-2016-09-20-kl-22-01-53

Kva i all verden kan spørsmålet vere her?

Omsorgsberedskapgruppa i Todalen Sanitetsforening stiller med servering til alle som tek turen innom. Og brannkarane lover spennande effektar til utdeling…

.

 

Først publisert: 20. september 2016, 22:22 - Sist oppdatert: 24. september 2016, 19:19