Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ap veteran klar for valg

Ap veteran klar for valg

Elinor Bolme Fredag 9. september 2011

 I går kveld var Surnadal Arbeiderparti på rundreise rundt om i kommunen og delte ut roser til husstandane. Her i Todalen var det blant anna Jorunn Ness og Lilly Gunn Nyheim som for rundt. Då dei kom på Brusethaugen sette dei av litt ekstra tid, til ære for ein av partiets ekte veteranar.  Anders Brusethaug har heile 66 års medlemskap i Arbeiderpartiet og er dermed den med lengst medlemskap av alle i Surnadal. Anders har no vorte 86 år, og stemmer fortsatt ved alle valg.

Eg kjenner deg» var det første han sa, da Lilly Gunn Nyheim kom inn døra, og så vanka det ein god velkomstklem. Anders satte stor pris på kvinnfolkbesøk som han sa, og med sitt gode humør og klare uttalelsar vart det mykje latter i stua på Brusethaugen.

No har han vorte kårkaill, og han er veldig glad for at sønnen Anton og kona Malii valde å flytte heim til Brusethaugen med Kevin (10) for eit par år sia. Etter det har og vesle Natalie Astrid på 3 måneder komme til. Anders var tydelig glad for familieforøkelsen med «prinsessa vår» som han kalla henne. Ellers uttrykte han stolthet over at også sønnen hadde meldt seg inn i Arbeiderpartiet. Det er uten tvil rette valget, meinte han. På måndag ville Anders komme til stemmelokalene ved skulen i Todalen skule og avgi sin stemme slik som ved alle dei tidlegare åra. Å la vera å bruke stemmeretten er bortkasta forståing av demokratiet vårt, avslutta Anders.

Difor er det berre å følgje oppmodinga til Anders og møte opp ved valglokalet, som for oss todalingar er Todalen Skule på måndag, mellom 12 og 21 for å gi si stemme til den ein meiner fortener det. Godt Val!

Foto:Malii Brusethaug

Publisert: 9. september 2011, 21:01