Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ap ønsker innspel til partiprogrammet

Elinor Bolme Torsdag 2. oktober 2014

Under kioskåpent på Hals førstkommande søndag (16-18) inviterer arbeidsgruppa i Surnadal Arbeiderparti todalingane til å komme med innspel til neste valgperiodes partiprogram. Partiprogrammet skal væra ferdig til 1. desember, så her oppfordrast alle med meining om mangt og mykje å komme på kioskåpent søndag seier leder i Surnadal Arbeiderparti Egil Nedal, slik at dei får mest mulig innspel å jobbe fram i mot.

Han kan bekrefte at både han sjølv og ordførar Lilly Gunn Nyheim blir to av representantane som stiller i kaffekroken til å motta innspel frå engasjerte todalingar denne ettermiddagen.

Laurdag skal dei delta på torgdag på Skei med same mål.

 

Først publisert: 2. oktober 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 1. oktober 2014, 22:49