Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Amerikabrev: – Vindruene er komne i hus

Amerikabrev: – Vindruene er komne i hus

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. oktober 2013
I dag tidleg «tikka det inn» amerikabrev i e-postkassa.  Det var ei helsing frå Jean og Olav Kvendset, som forlengst er attende på farmen i Pope Valley i California etter sommarferien i Todalen. No er det travle tider med innhausting av vindruene dei har på farmen, som dei driv saman med familien til Jeans bror Mark.  Jean og Olav har sendt oss nokre bilde frå arbeidet med innhaustinga, og dei nyttar samtidig høvet til å helse både til Todalen og til lesarane på Todalen.no.  I «amerikabrevet» skriv dei mellom anna:
» Torsdag den 17. oktober var det innhausting av druer på Kvendset og Gaffney Farm i California. I grålysninga kom det inn eit mannskap på 28 meksikanarar.  Klokka 2 om ettermiddagen var dei ferdige med å plukke vel 17 tonn.  Druene vart tømt i «bins» som kvar tok 400 kg. Seinare på ettermiddagen kom ein lastebil og henta heile avlinga. Mannskapet kunne ta ein velfortent pause før dei tok fatt på neste vinåker.
Helsing  til lesarane av Todalen.no frå Jean og Olav»
Her finn du bilda frå farmen i Napa Valley og frå innhaustinga av vindruene som vart gjort for eit par veker sia.   Alle foto: Jean og Olav Kvendset
Publisert: 29. oktober 2013, 22:00