Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Amerikabrev frå Astrid Utigarda

Amerikabrev frå Astrid Utigarda

Elinor Bolme Tysdag 12. mars 2013

Hallo kjære alle sammen. Her kjem eit lite reisebrev frå USA!

No er det litt over 6 månader (201 dagar) sidan eg reiste til det store utland, og tida har gått ekstremt fort. Det var stort for ein liten Todaling å reise ut i den store verda heilt åleine, og med flyrot frå New York til Lansing såg det veldig svart ut i nokre timar. Det snudde momentant når eg fekk møte vertsfamilien min for fyrste gongen. Eg trudde ikkje det kunne være moleg å få ein så god «match», men etter å ha bodd her i 6 mnd så viser det seg at det er det!
Opphaldet mitt i USA starta med 4 dagar i New York City. Det er ein heilt fantastisk by, så den planlegg eg å besøke igjen ein dag.
Livet her i Michigan,USA, er ganske så forskjellig frå Norge og Todalen. Det fyrste ein ser er flatt, flatt og atter flatt, null fjell. Perfekt for ei som er oppvokst med fjord og fjell og ønsker forandring. Det neste ein oppdagar er antallet mennesker. Det er folk over alt, og dei er veldig høyrysta. Det med mykje folk merkar ein spessielt godt på skulen. Med over 900 elever er det mykje liv, og alltid noko spennande som skjer. Den fyrste dagen på skolen var anerledes og spennande. Med så mykje folk er det vanskeleg å finne ut kven ein vil bli vennar med. og når ein ikkje har samme klasse i noko some helst fag (elevane velg kva slags fag dei vil ha, så det standard norske systemet med å ha samme klassane heile tida eksisterar ikkje), så blir det veldig vanskelg. Men eg tok motet til meg og dag to ble mykje betre, med nye venner og folk å snakke med. Etter dag to ble dagane berre betre og betre, det blir dei fortsatt.
Eg har fått oppleve så utruleg mykje på den korte tida eg har vore her. Med camping på hytta, båtkjøring på ein av dei mange innsjøane, hopping med jeep på sanddynene , tur til Chicago, reising rundt i Michigan, tur til Minnesota og Mall of America og mykje mykje meir så er det ikkje rart tida går fort. Og for ikkje å snakke om alle dei fantasiske menneska ein møter når ein er ute og reiser, både på skulen og ellers. Eg har fått oppleve mange av dei amerikanske tradisjonane på dei 5mnd eg har vore her. Slik som Haloween, Thanks givng, black Friday shopping, silver bells (Michigan sitt svar på julgrantenning) , franken mouth (stort tyskinspirert julemarked), homecomming, amerikansk fotballkamp på Michigan State University (MSU) spirit week på skulen og sjølvsagt sett på at Haslett Vikings (skulelaget) har spela amerikans fotball og basketball.
I Juletider var det jo sjølvsagt at heimlengselen var på plass. Det var uvandt å feire jul utan julgrantenning, gløgg, ribbe, 3.dags fest, Ingrid Anderstua sine Cola-kaker, juletrefest på Todalen Oppvekstsenter og sjølvsagt romjula med famile og vener. Men det vart ikkje ei dårleg jul for det. Eg fekk møte mykje av familien til vertsmor, fekk oppleve å åpne pakkar på morgonen 1.juledag og mykje mykje meir.
No på nyåret har tia for det meste gått med på studering til høst eksamenane som var to veker etter jul. Eg har også vore på ein veldedighet basketball kamp der pengane går til 2013 World Dwarf Games. Basketball kampen var mellom de såkalla statesmen, eit lag som består av dvergar kjent frå tv, (slik som Martin Klebba frå Pirates of the Carribean),  og celebrity, som besto av mange kjente fjes frå TV og basektball-verden.
Eg skal innrømme at savnet etter Norge, familie og venner er stort, men eg har det heilt suverent her og angrar ikkje eit sekund på at eg for. Halve utvekslingsåret har gått, og halve står igjen. Eg ser fram til ein fantastisk vår og førsommar, og så sjåast vi igjen i midten av juni kjære med todalingar.
Helsing Astrid Longva Kvendset
Under er nokre bilder Arstrid har sendt med.
Publisert: 12. mars 2013, 16:00