Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Alternative påskeutflukter

Alternative påskeutflukter

Elinor Bolme Torsdag 21. april 2011

I og med at påska er så sein i år, verkar det som om påskeutfarten ikkje er like stor som tidlegare år av di det byrjar å bli smått og trått snømessig. Mange oppheld seg derfor mykjegodt nede i bygda og treng kanskje litt alternative utflukter. Rundt om bygda er det sett opp mange fine gapahukar, deriblandt ein i Gunnøya. Denne ligg heilt nedve elva og har plass til mange gjestar ved surt ver, som i dag tildømes. I dag treftest eit par puljer uavhengig av kvarandre her, og hadde det reint så triveleg.

Det er fleire moglegheiter til å komma seg til gapahuken i Gunnøya. Ein kan ta av ved Halset bru og følgja stien oppover bygda, ta vegen ned mot elva frå postkassane til Andersstua og Viastua, følgje traktorvegen ned attmed Småland på nedsida av kyrkja, eller ta stien ovanfor der igjen og gå om båthølen og følgje stien nedover att til gapahuken dukkar opp.

Utafor gapahuken er det oppmura bålplass, med sitjemulegheiter rundt, eller som anretningsbord. Frå venstre Ingunn Mikkelsen, Tor Asbjørn Karlsen, Anders A Karlsen, Markus Bolme og Ivar Bolme.

Ungane storkosa seg med steinkasting i elva.

Grilling av pølser høyrer med. Her er det Ragna Kvendset som er jenta i røyken.

God og triveleg plass inne i gapahuken. Her kan ein lett finne tonen. Frå venstre Sigrid Elise Talgø, Ragna Kvendset, Lars Melkamu Kvendset, Johan Ranes, Edel Terese Karlsen og Line Kvendset.

Noko Johan Ranes og Edel Terese Karlsen gjorde.

Er det nokon som vil dele sine alternative påskeutfluter med oss andre, er det berre å sende nokre ord og bileter via kontaktskjemaet her på todalen.no, så skal vi leggje det ut.

Publisert: 21. april 2011, 21:20