Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Alternativ trening i ei «innepåske».

Alternativ trening i ei «innepåske».

Jon Olav Ørsal Sundag 1. april 2012

Været i helga,  og vêrmeldingane i dagane som kjem, er ikkje akkurat så innbydande for for uteaktivtetar. Har du behov for å bruke energi og få rørt på kroppen, så kan vi anbefale å ta ein tur til Surnadal trenings- og velværesenter! Dei arrangerer ein skikkeleg innedag på sentret tyrsdag 3. april. Da opnar dei senteret for ekstra trening, og dei sel «drop in» for kun kr. 50,-, og melder at resepsjonen er bemanna frå kl 09.00 – 20.00.

Det blir sett opp ekstra gruppetimar: Zumba 30 minutt  med Ann Kristin og Sh’bam 60 minutt med Helle! Sjå timeplana for meir informasjon.  Det blir også ekstra klatring med instruktør: Barneklatring fra 16.30 – 17.30 og vaksenklatring fra 17.30 – 18.30. Det er sett opp gruppetimar til og med onsdag, og resepsjonen blir bemanna til og med onsdag. Det vil ellers være muligheit for eigentrening heile påska! Meir informasjon finn du på heimesida til Surnadal trenings- og velværesenter:  http://www.suvelsenter.no/index.htm

Publisert: 1. april 2012, 12:11