Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alternativ trening og sosial avslutning

Elinor Bolme Torsdag 21. juni 2018

I går kveld møttes spelarane på Søya/Todalen G/J 10 til alternativ trening og sesongavslutning på Tjønnmyra. Kveldens trenar var Gunnar Nordvik, og han introduserte ungane for den fine hinderløypa som no har gjort Tjønnmyra skiarena til eit heilårsanlegg.

Ved gapahuken er det no ordna til ei enkel løype kor ein får testa både balanse, smidigheit og styke i bein og armar. I tillegg er det rydda sti i bakkant av haugen kor gapahuken står, slik at det blir ein liten rundtur    ovanfor Kufalla for den som vil gå seg ein tur i terrenget og sjå Todalen frå ein litt anna vinkel.

Etterkvart vart det servering av pølser med brød, frukt, skuffkake og kaffe frå svartkjel til dei vaksne. Gjengen gir seg ikkje riktig med fotballen enda. Neste helg er det Todalsdag og der stiller mannskapet både med to og kanskje tre lag. 

Under er nokre bilder frå ei aktiv og triveleg samling. Alle foto Elinor B

Publisert: 21. juni 2018, 18:24