Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Allsongkveld  –  Tonar  under  kyrkjetårn

Allsongkveld – Tonar under kyrkjetårn

Jon Olav Ørsal Sundag 12. juni 2011

Allsongkvelden – Tonar under kyrkjetårn samla mange tilhørarar i Todalen kyrkje pinsaftan. Etter at pinsehøgtida var ringt inn starta allsongkvelden med innmarsj med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor med Grautmarsjen. Dirigent og kromtapp for heile arrangementet, Bernt Bøe, ønska velkomen og leia allongkvelden på ein framifrå måte og krydra programmet med gode historier. Det var nok mange gode songarar tilstades i kyrkja denne kvelden, for aldri har nok allsongen ljoma så fint i kyrkja som denne kvelden.

I tillegg til mange gode songarar var nok både kora og musikarane med og gjorde dette til ein festkveld i kyrkja. På det varierte programmet var det ord og tonar av både lokalt opphav og bidrag frå meir kjente ditarar og komponistar. I tillegg til allsongen hadde kora fleire innslag, mellom anna «På Sjåarberg» i tillegg til lokale folketonar.

Knut Iversen hadde soloopptreden med tre  folketonar fra Nordnorge, mellom anna «Å eg veit meg eit land».

Kor og musikkensemble hadde også urframføring av «Folketonemesse» – som Bernt Bøe hadde laga over folketonar fra frå Todalen. Denne er laga i høve 150-årsjubileet til Todalen kyrkje.  Musikarane som deltok var Rune Tunheim på fele, Peder Hønsvik på trekkspel og Gro Løfaldli på Bass. I tillegg trakterte Bernt Bøe piano og orgel (Ranneiorgelet).

Flott og triveleg allsongkveld, som kora runda av med «Bruramarsj frå Todalen» under utmarsjen. Arrangementet var eit samarbeid mellom Vårsøghelga og kyrkjejubileet til Todalen kyrkje som er 150 år i år.

Nedafor finn du eit bildegalleri fra allsongkvelden i Todalen kyrkje.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. juni 2011, 11:40