Det skortar ikkje på erfaring hos Ole Ivars. Torsdag var dei på besøk i Surnadal kulturhus, og nok ein gong klarte dei å bevise at de gamle er eldst med sitt nye musikkshow «Aldri fred å få». Etter 52 år på landevegen med turnebussen var det nok ikkje noko problem å lage eit to timars musikkshow for denne gjengen. Dei har eit heilt hav å ta av med både tekster og tonar, og det aller meste er eigenprodusert med sitt opphav i William kristoffersen. Dette måtte berre bli bra!
«Nei, så tjukk du er blitt» var først ut, og der presenterte proffesor Tix (Jørn Kolsrud) variasjoner i både Bethovens, Griegs, Strauss og Bachs ånd på en artig måte. Videre var det fleire sekvensar med i forskjellige sjangere. Akustiske venner med alle fem på gitar har vi aldri høyrdt før, men var eit flott innslag. Like så Willys hjørne, der blåsaren i gruppa, Arne Willy Foss trakterte både klarinett og saksofon på ein proff måte. Erfaringe er erfaring, ingen tvil om det!
Ellers gikk det slag i slag med både Bukkene Bruse, CountryMedley, visesong og artige skjetser gjennom heile sceneshowet. I tillegg var det sjølvsagt både nye konsertinnslag og gjenhør av både kjente og mindre kjente slagere. Ole Ivars hadde fått med seg tidlegare bandmedlem Jørn Kolsrud som ansvarleg for opplegget med musikkshowet «Aldri fred å få», og han var aktiv med fleire roller i showet. I det heiletatt to timar med god og fornyeleg underhaldning som gikk fort. Sjølv om Storstua berre var halvfull, så fikk vi som var der full valuta for pengane.
Bildeglimt frå «Aldri fred å få» med Ole Ivars i Storstua på Surnadal kulturhus – vi lar bilda tale for seg sjølve. Alle foto: Jon Olav Ørsal