Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Aldersheimen fekk bilete

Aldersheimen fekk bilete

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. juli 2011

Surnadal Pensjonistlag markerte måndag overrekking av bilde til Stangvik aldersheim. Dette har samanheng med at Reidar Østvik hadde utstilling på aldersheimen frå påsketid og utover våren. Bebuarane lika godt bilda som Reidar stilte ut, og spesielt var det eit bilde med sauer som fall i smak. Dette bilde fekk aldersheimen med Surnadal Pensjonistlag som gåve, og laget ønska samtidig å takke dei tilsette på aldersheimen for den fine innsatsen dei gjer. Det var lagets ledar Johannes Vaag som med velvalde ord overrekte biletet.

Samtidig heidra Vaag Stavganggruppa i pensjonistlaget for deira innsats med å aktivisere lagets medlemar. Dei arrangerer turar for medlemane og andre som ønskjer å ta del. Dei tre i Stavganggruppa er Lisbet Ranes, Martinus Torvik og Vidar Sogge.

Narve talgø sørga for underhaldninga under tilstlninga, da han song Bekkerviså av Hans Hyldbakk og frå seterkabareten som Bernt Bøe har skrive.

Først publisert: 16. juli 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 15. juli 2011, 23:46