Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aktiv dag og full fart på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juni 2019

Ein dag med full fart på fotballbanen og med rekorddeltaking i Ræta Opp er over. Til saman var det 32 fotballag som spela heile 62 kampar med treerfotball i løpet av dagen, og det er nok fleire undre unge fotballspelarar som har fått ein ny premie til premiehylla – for alle som deltek får sjølvsagt premie under Todalsdagen.

Frå starten i MiniRæta som starta i lag med maskotane frå Franzefoss. Foto: Jon Olav Ørsal

Kor mange mål kvart lag fekk har vi ikkje tal på, og det har heller ikkje nokon stor betydning – det viktigaste er at det vart mange mål. Slik er det og under Mini Ræta og Ræta Opp, der vart det sett ny deltakarrekord i år. Heile 143 deltakarar stilte på startstreken og mange støttedeltakarar i tillegg, sørga for at det vart rundt 15.000 i kassa til MOT Surnadal som er så heldige å få startkontingenten som kjem inn på mosjonsløpet Ræta Opp. Håvard Gjeldnes vart ein suveren vinnar av Ræta Opp med vinnartida 10.48 som nok er løyperekord, medan Tea Holten var best i dameklassen med tida 14.58.

Vi lar denne gjengen representere dei mange fotballspelarane som kjempa om å skyte mål i 62 fotballkampar med treerfotball. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalen I.L. har lagt ein sosial profil på Todalsdagen, for deltakarane på fotballcupen betaler ikkje noko deltakaravgift for å være med og det er heller ikkje salg av billetter til publikum.  Inntekta har laget frå lotteriet, programheftet og ikkje minst frå salget av grillmat som Todalsdagen er viden kjent for. I lotteriet var det Kristian Gjeldnes som trekte det lengste strået og vann den flotte hagemøbelgruppa frå Hageland Surnadal som var hovudgevinst i lotteriet.

Resultatliste frå Ræta Opp 2019 – deltakarar med tidtaking

Nedafor har vi lagt ut eit stort bildegalleri som gir eit tverrsnitt av det som har foregått på Bordholmen i dag.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Først publisert: 29. juni 2019, 14:52 - Sist oppdatert: 30. juni 2019, 08:04