Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aksjonsveke: Hald Midt-Norge reint! Kløverturgjengen tok eit tak for miljøet.

Dordi Jorunn Halle Måndag 30. april 2018

I dag slo Kløverturgjengen til med «plogging»! Dei trimma og plukka søppel i strandområdet rundt Småbåthamna og litt utover Stranda. «I dag slo vi minst «tre fluger i ein smekk»: vi trimma, plukka søppel og hadde det kjekt i lag!» – slik oppsummerte dei ryddeøkta.

Sigrun, Marit og Jorunn plukkar søppel ved Bygdanausta. Foto: Dordi J H

«Å plogga» er eit nyord frå Sverige: å plogga = jogga+plocka, altså jogge og plukke søppel. Dette er ein trend som har spreidd seg utover heile verda, på nettet kan ein lese om «plogging » både på New Zealand, i Australia, i Amerika, – og no altså i Todalen! Vi kan vel ikkje seie at Kløverturgjengen direkte jogga, men dei gjekk mange skritt og plukka mange sekkar med søppel! Sanitetskvinnene er «nytenkjande» og kan greitt ta ein Kløvertur med ny vri!

Ester Karin og Jorunn tok ein runde på moloen. Foto: Dordi J H

Åse, Synnøve og Dordi tok området innanfor Småbåthamna. Foto: Dordi J H

Hald Midt-Norge reint!

No er det altså «strandryddeveke» –  ein del av aksjonen «Hald Midt-Norge reint». Og det er nok enno mykje søppel å plukke både langs sjøen og kanskje langs elva, så andre lag, grupper eller organisasjonar kan gjerne følge opp dagens aksjon og ta ein runde med strandrydding eller søppelplukking. Da det var flo sjø under strandryddinga i dag, så er det  nok meir søppel å finne i nærområdet til Småbåthmana også.

Laurdag 5. mai er årets strandryddedag!

Slike sekkar får ein med HAMOS. Foto: Dordi J H

Det mangla ikkje på søppel! Litt tungt å bere, men når ein «dreg lasset i lag», går det godt. Foto: Dordi J H

 

Kaffepause er viktig! Foto: Dordi J H

 

Klare til dyst! Frå venstre: Sigrun, Dordi, Åse, Jorunn, Marit, Synnøve, Ester Karin og Jorunn. Helen og Dordi Jorunn plukka også søppel. Foto: Dordi JH

Først publisert: 30. april 2018, 21:08 - Sist oppdatert: 1. mai 2018, 09:43