Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aksjon skuleveg i Todalen

Elinor Bolme Lørdag 26. august 2017

Todalen Oppvekstsenter fekk overraskande besøk av politiet på torsdag i høve Aksjon skuleveg!  Dei ville informere om sykkelreglar og trafikkreglar no ved skulestart -da det er mange små på vegane.  Ungane  svara velvillig, hadde kunnskapen i orden og kom med mange  spørsmål.

Det var selvfølgeleg kjekt å få sjå inne i politibilen og alt utstyret dei har der. Og høyre om oppgåvene til politiet. Det var fleire  av elevane som ville bli politi når dei blir stor!

Under er ei rekkje bilder frå besøket. Alle foto Torill Gjeldnes.

Publisert: 26. august 2017, 09:49