Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Adventskalender frå sanitetsforeninga

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. november 2018

Todalen sanitetsforening melder at dei har fine adventskalendrar til sals. Det vil bli sal av kalendrane på Halsbua fredag 23. november frå kl. 11.00 til 17.00.

Kalendrane kostar 50 kroner, det blir trekt ut fem gevinstar kvar dag. Alle gevinstane har ein verdi på over 600 kroner. Døme på gevinstar er DAB-radio, klokker, hardangerbestikk, trykk av Marit Bergem, reisegåvekort frå Ving og mykje anna fint.

Ved å kjøpe kalender frå Norske kvinners sanitetsforening støttar ein ei god sak!

 

Publisert: 20. november 2018, 20:55