Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Adventkveld i Stangvik

Adventkveld i Stangvik

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. desember 2009

Onsdag kveld var Todalen.no invitert på adventkveld på aldersheimen i Stangvika, og der var det både song og musikk og mykje god traktering.
I tillegg til bebuarane var også pårørande, ansatte og folk frå administrasjonen invitert til festleg kveld.
Guri Saltnes og Lars Vang sørga for musikk og sammen resten av forsamlinga fekk dei sving på julsongane.
Traktering var det også, både snittar med kaffe eller te, og etterpå var det fleire blautkaker som gikk rundt.
Borghild Talgø las «Julekortet» frå boka «Jul med Prøysen» og hausta stor applaus for det. Og sjølvsagt var det nissar på ein slik kveld.Dei var 4 i talet, med ein stor og 3 små som kom på besøk.
Ellers fortalte styrar Bjørg Ormset at det har vore eit aktivt år på alderheimen, med nytt turnusopplegg og etablering av spiserom og vaktrom og nye spisetider for bebuarane.
Einingsleiar Elizabeth Miciano helsa frå administrasjonen for institusjonane.
Nedafor kan du sjå eit lite bildegalleri frå adventkvelden.

Publisert: 10. desember 2009, 19:06